Evaluering av samvirke ved brann i Gudvangatunnelen 30. mars 2019
Samvirket ved handteringa av brannen i Gudvangatunnelen 30. mars var tema for evalueringsmøte i Aurland fredag 26. april.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 30.04.2019
Representantar frå brann- og redningsvesen, politi, helseføretak, 110-sentralane i Sogn og Fjordane og Hordaland og Statens vegvesen var samla for å dele erfaringar og finne lærepunkt for samvirket ved tunnelbrannen. Hovudkonklusjonen er at samvirket mellom aktørane i all hovudsak fungerte svært godt, men det vart identifisert læringspunkt på fleire område.
Sjå referat og presentasjonar frå evalueringsmøtet i høgre marg.