Kommunalt kompetanse- og innovasjonstilskot 2022
- Søknadsfrist:
- 15. mars 2022 23:59
- Målgruppe:
- Tilsette i helse- og omsorgstenestene, og brukarar av kommunale helse- og omsorgstenester
- Ansvarleg:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Kven kan søke:
- Kommunar, fylkeskommune, universitet og høgskular. Kommunar kan gjerne søke i samarbeid med andre kommunar, helseføretak, frivillig sektor, utdanningsinstitusjonar, næringsliv eller andre
- Rapporteringsfrist:
- 15. mars 2022 23:59
Tilskotet skal bidra til kompetanseheving og innovasjon for å styrke kommunane si evne til å møte framtidas utfordringar på helse- og omsorgsfeltet med berekraftige og gode tiltak og tenester.
Rettleiing, nytt søknadsskjema for 2022 og rapporteringsskjema for 2021 finn du under «Dokument».
Les meir om tilskotet og regelverk på heimesida til Helsedirektoratet.
Søknad skal sendast til sfvlpost@statsforvalteren.no innan 15. mars 2022.
Overordna prioriteringskrav for tildeling
Kommunar som omstiller seg i tråd med Leve heile livet-reforma vil verte prioritert. Les meir om prioriteringskrav når det gjeld Leve heile livet-reforma i eige brev frå Helsedirektoratet 09.01.2021 og informasjonsbrevet vi har sendt til kommunane. Du finn desse breva under «Dokument».
Andre tildelingskriterium, prioriteringar og regelverket for ordninga kan du lese om på nettsida til Helsedirektoratet og i brevet frå Statsforvaltaren.
Rapportering for 2021
Kommunane skal rapportere innan 15. mars 2022 om midlar som vart tildelt i 2021. De finn to rapporteringsskjema under «Dokument» . For tilskot frå kr 200 000 er det krav om revisorattestasjon. Frist for rapportering av motteke tilskot for 2022 vil gå fram av tildelingsbrevet.
- Søknadsfrist:
- 15. mars 2022 23:59
- Målgruppe:
- Tilsette i helse- og omsorgstenestene, og brukarar av kommunale helse- og omsorgstenester
- Ansvarleg:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Kven kan søke:
- Kommunar, fylkeskommune, universitet og høgskular. Kommunar kan gjerne søke i samarbeid med andre kommunar, helseføretak, frivillig sektor, utdanningsinstitusjonar, næringsliv eller andre
- Rapporteringsfrist:
- 15. mars 2022 23:59
Kontaktpersonar
-
Anne Eli Wangen
Tlf: 57 64 31 65 -
Beate Helland
Tlf: 55 57 22 15
Dokument
- Søknadsskjema - Kommunalt kompetanse- og innovasjonstilskot (excel)
- Informasjonsbrev til kommunane - kommunalt kompetanse- og innovasjonstilskot 2022
- Informasjon til landets kommuner om kriterier for å bli prioritert i tilskuddsordninger knyttet til Leve hele livet, 09.01.2021 - Helsedirektoratet
- Rapporteringsskjema kompetanse- og innovasjonstilskot 2021 (word)
- Rapporteringsskjema kompetanse- og innovasjonstilskot 2021 (excel)
- Regelverk
- Rettleiing til rapportering