Tilskot til opplæring i kvensk eller finsk som andrespråk i vidaregåande skular
- Søknadsfrist:
- 15. mai 2022
- Målgruppe:
- Elevar i vidaregaånde skular og lærlingar med kvensk eller norskfinsk bakgrunn
- Ansvarleg:
- Statsforvaltaren
- Kven kan søke:
- Fylkeskommunen, og frittståande vidaregåande skular som er godkjent etter friskulelova.
Føremålet med tilskotet er å bidra til at vidaregåande elevar og lærlingar med kvensk eller norskfinsk bakgrunn, får opplæring i kvensk og finsk som andrespråk.
Publisert 03.02.2022
Fylkeskommunen, og frittståande vidaregåande skular som er godkjent etter friskulelova, kan søkje om tilskot for opplæring i kvensk eller finsk som andrespråk.
- Søknadsfrist for inneverande skuleår er 15. mai
- Elevlister med telledato 2. mai skal leggast ved søknaden
- Send søknaden til Statsforvaltaren
Lenke til Elevlister og oppsummeringsskjema.
Berekning av tilskot
Tilskotet bereknast med ein timesats per fylke og per frittståande vidaregåande skule.
Tilskot bereknast slik:
- Den einskilde skule delar elevane i tilskotsgrupper på inntil 5 elevar per språk (kvensk eller finsk) og per årstrinn
- Kvar tilskotsgruppe blir tildelt læreplanen sin timeplan for kvensk eller finsk som andrespråk i vidaregåande opplæring
Tilskotet blir utbetalt i to like delar i juni og oktober.
Dette må du rapportere
Det er ingen spesielle krav til rapportering ut over dei opplysningane som blir henta inn i søknad om statstilskot.
Ta kontakt med Statsforvaltaren ved eventuelle spørsmål om tilskotsordninga.
- Søknadsfrist:
- 15. mai 2022
- Målgruppe:
- Elevar i vidaregaånde skular og lærlingar med kvensk eller norskfinsk bakgrunn
- Ansvarleg:
- Statsforvaltaren
- Kven kan søke:
- Fylkeskommunen, og frittståande vidaregåande skular som er godkjent etter friskulelova.
Kontaktpersonar
-
Tanja Holum
Tlf: 57 64 31 10 / 91 57 05 12