Tilskot til symjeopplæring for barnehagebarn og nykomne minoritetsspråklege elevar i 2023
- Søknadsfrist:
- 21. august 2023 15:00
- Målgruppe:
- Barn i barnehagar i alderen 4-6 år i Vestland fylke. Vidare nykomne minoritetsspråklege barn, unge og vaksne som omfattast av grunnskuleopplæringa i Vestland fylke.
- Ansvarleg:
- Statsforvaltaren v/Celine Lunder
- Kven kan søke:
- Kommunar, barnehagar og frivillige organisasjonar.
- Rapporteringsfrist:
- 30. november 2023 16:00
Kommunar, barnehagar og frivillige organisasjonar kan no søkje om tilskot til symjeopplæring for barnehagebarn og nykomne minoritetsspråklege barn, unge og vaksne som omfattast av grunnskuleopplæringa i Vestland fylke. Vi betalar ut tilskotet fortløpande så lenge vi har midlar.
Tilskot
Ein kan søkje om inntil kr. 1 750,- per minoritetsspråklege elev i grunnskuleopplæringa, og kr. 2 000,- per barn i barnehage. Det er berre mogleg å søkje for eitt kalenderår om gongen.
Mål for opplæringa
Tilskotet skal bidra til at barnehagebarn får tilvenjing og blir trygge i vatnet, der målet er å gje barna betre symjeferdigheiter. Vidare vil symjeopplæring for nykomne minoritetsspråklege elevar bidra til å redusere risikoen for ulukker i samband med bading, og gjere dei i betre stand til å nå kompetansemåla i læreplanen.
Målgruppa
Barnehagebarn i alderen 4-6 år, og nykomne minoritetsspråklege elevar.
Det er berre kommunar som har nykomne minoritetsspråklege elevar som kan søkje om tilskot til denne målgruppa. Dersom kommunen ser at det er andre elevar som ikkje kan symje eller ikkje har hatt høve til å delta i symjeopplæringa, kan òg desse delta, men utan å inngå i tildelinga av midlar per elev.
Vilkår for tilskot
For barn i barnehage skal symjeopplæringa gjevast i barnehagen si opningstid, medan symjeopplæring for elevane kan gjevast i skuletida eller etter skuletid. Tilskotet skal brukast til aktivitetar i samband med symjeopplæringa. Det er viktig at gutar og jenter får eit likeverdig tilbod.
Søknad om tilskot
Vi ønskjer at kommunen tek i mot søknadar frå barnehagane, og sendar desse samla til Statsforvaltaren. Organisasjonar kan søkje direkte til Statsforvaltaren. Søknadsfrist er 21. august 2023. Dei som fekk midlar i 2022, må ha levert rapport før nye midlar kan bli utbetalt.
De finn søknadsskjema i høgremenyen.
Utfylt skjema sendast til Statsforvaltaren i Vestland, e-post: sfvlpost@statsforvalteren.no.
Rapportering
Tilskotsmottakarane skal innan 1. desember 2023 rapportere til Statsforvaltaren om bruk av midlane.
De finn rapporteringsskjema i høgremenyen. Utfylt skjema sendast til Statsforvalteren i Vestland.
- Søknadsfrist:
- 21. august 2023 15:00
- Målgruppe:
- Barn i barnehagar i alderen 4-6 år i Vestland fylke. Vidare nykomne minoritetsspråklege barn, unge og vaksne som omfattast av grunnskuleopplæringa i Vestland fylke.
- Ansvarleg:
- Statsforvaltaren v/Celine Lunder
- Kven kan søke:
- Kommunar, barnehagar og frivillige organisasjonar.
- Rapporteringsfrist:
- 30. november 2023 16:00