Utsett utreiseplikt til Afghanistan og oppsporing av sakna personar
UDI og UNE har utsett utreiseplikta til Afghanistan til 31. januar 2022.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 16.09.2021
Dette betyr at politiet i denne perioden ikkje skal gjennomføre tvangreturar til Afghanistan. Personar som har fått endeleg vedtak om retur til Afghanistan, har ikkje plikt til å forlate Norge så lenge returstoppen varer.
Les meir om kven dette gjeld og om vidare vurderingar på UDI sine nettsider her.
Informasjon om Røde Kors sitt arbeid med oppsporing av sakna personar, kan du lese meir om i dokumentet til høgre.