Kronprinsen til Jærmuseet 7. november

H.K.H.Kronprinsen er torsdag 7. november 2013 til stades ved opninga av utstillinga «Kongelige kjøretøy 1905 - 1945 Fra Berliner til Buick» på Jærmuseet Vitengarden på Nærbø i Rogaland. Utstillinga er organisert av Nasjonalmuseet som ein del av regjeringa si gåve til kongeparet sine 75-årsdagar i 2012, og har tidlegare i år vore vist i Trondheim.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.11.2013

Utstillinga omfattar køyrety, private bilete, filmopptak og tekstar frå det daverande kongeparet sine møte med det norske folk under kroningsreisa i 1906. Kroningskaret og Kong Haakons fyrste førarkort er blant gjenstandane som blir viste fram på Jærmuseet. Også ein Buick, Kong Haakons fyrste bil og kronprins Olav sine Cadillac-leikebil har funne vegen til muséet på Nærbø.

Same år som motorvognlova kom i 1913, gjekk Kongen til innkjøp av to Minervaer - ein open og ein lukka. Den eine Minervaen blei så vidt redda frå bilopphogging i 1937 og blir vist i utstillinga. Til dagleg utstilt ved Teknisk Museum i Oslo.

Presse som ønskjer å dekkje opninga av utstillinga «Kongelige Kjøretøy 1905 - 1945 Fra Berliner til Buick» på Jærmuseet må gjere dette elektronisk innan onsdag 6. november 2013 til  strategi- og kommunikasjonssjef Arild Michelsen, Fylkesmannen i Rogaland på epost: fmroami@fylkesmannen.no

Det vil bli arrangert ei vising av utstillinga for pressa i framkant av Kronprinsens sitt besøk til Vitengarden 7. november 2013, klokka 12:00-12:30.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Dokument