Gode integreringskommunar
68 % av dei som avslutta introduksjonsprogrammet for nykomne flyktningar i Rogaland i 2011, var i arbeid eller utdanning i november året etter. Kommunane Stavanger, Sandnes, Haugesund og Eigersund bidreg sterkt til dette resultatet.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Med 68% låg Rogaland høgare enn landet elles, der 63 % var i arbeid eller utdanning året etter.
Av kommunar med ti eller fleire deltakarar som avslutta introduksjonsprogrammet i 2011 er det nokre kommunar som skil seg positivt ut. 73 % av personane som gjekk ut av introduksjonsprogrammet i Sandnes i 2011 var i arbeid eller utdanning året etter. For Stavanger var talet 64 %. Alle deltakarane som gjekk ut av programmet i Eigersund i 2011 var i arbeid eller utdanning i 2012.
Det er no ti år sidan introduksjonsordninga for nykomne flyktningar vart etablert. Dei som går i dette programmet lærer seg norsk, lærer om det norske samfunnet og norsk kultur og får hjelp til å komme i gang med arbeid eller vidare utdanning. Staten har sett som mål at 70 % av alle flyktningar som gjennomfører programmet skal være i arbeid eller utdanning året etter avslutta program. Målet vart ikkje nådd for landet når det gjeld 2011, men situasjonen er noko betre for 2012. Målet er nådd for menn i Rogaland men ikkje heilt for kvinnene. Kommunane i Rogaland gjer eit godt arbeid med å få flyktningane i arbeid eller utdanning etter avslutta introduksjonsprogram.
Kor stor del er i arbeid eller utdanning av dei som avslutta introduksjonsprogrammet året før? |
Alle |
|
Menn |
|
Kvinner |
|
2011 |
2012 |
2011 |
2012 |
2011 |
2012 |
|
Landet |
61 |
63 |
69 |
71 |
53 |
53 |
Rogaland |
67 |
68 |
72 |
74 |
61 |
61 |
Stavanger |
63 |
64 |
66 |
74 |
59 |
52 |
Sandnes |
76 |
73 |
79 |
76 |
71 |
69 |
Haugesund |
68 |
63 |
70 |
65 |
67 |
57 |
Eigersund |
79 |
100 |
75 |
100 |
83 |
100 |
Tala kjem frå ein rapport utarbeidd av Statistisk Sentralbyrå nyleg.
Heile rapporten frå SSB kan hentast på nettsida til Barne, likestillings- og inkluderingsdepartementet HER