- For mange parkeringsplassar

Stavanger kommune har laga eit interessant og godt forslag til sentrumsplan. Fylkesmannen meiner likevel han er for uklar med omsyn til flaumvern. Dessutan må auka persontrafikk løysast med kollektivbruk, sykling og gange.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.01.2015

Forslaget til sentrumsplan for Stavanger er godt i samsvar med Regionalplan for Jæren. Hovudgrepet "kompakt by" følgjer opp statlege planretningsliner om samordna bolig-, areal- og transportplanlegging, meiner Fylkesmannen.

5000 nye parkeringsplassar

Fylkesmannen støttar også omstrukturering av parkering i Stavanger sentrum og at parkeringsnormen blir redusert. Men slik det førebelse forslaget til sentrumsplan viser, blir det opna for nesten éin million nye kvadratmeter til sentrumsformål og over 5.000 nye parkeringsplassar.

Dette må avgrensast sterkt i den endelege planen for å få dempa biltrafikken, i tråd med nasjonale transport-, klima- og byutviklingsmål. Fylkesmannen har motsegn til at planen opnar opp for så mange nye parkeringsplassar. Nasjonale føringar legg til grunn at auka persontrafikk i storbyområda skal løysast med kollektivtransport, sykkel og gange. Derfor meiner Fylkesmannen at parkeringsnormen i sentrum må justerast ned i det endelege forslaget, tilsvarande dei øvrige storbyområda i landet. 

Det er positivt at sentrumsplanen har fokus på sykling. 65 prosent av innbyggjarane i Stavanger har ein sykkelavstand på maskimalt 25 minutt til sentrum. Me har fagleg råd om at kommunen legg til rette for lukka og trygg sykkelparkering for å sikra at fleire nyttar tohjulingen til Stavanger sentrum.

Statleg samordning

Fylkesmannen i Rogaland har ansvar for å samordna statlege motsegner til kommunale planar. I denne går det fram at også Statens vegvesen er skeptisk til det foreslåtte omfanget av sentrumsparkering:

Som statlig sektormyndighet gir Statens vegvesen et sterkt faglig råd om å begrense omfanget av parkering i sentrumskjernen.

Flaumvern ikkje godt nok utgreidd

Av omsyn til samfunnstryggleiken har Fylkesmannen motsegn til planen. Grunnen er at risiko- og sårbarheitsanalysen viser at eit høgare havnivå gir stormflofare i lågareliggjande område. Det betyr stor fare for skade på kulturelle verdiar, infrastruktur og bygningar. Kommunen ønskjer å hindra dette med å byggja flaumvern. Dette er et stort inngrep med heving av landskap, brygger, murar, diker og liknande som sterkt vil påvirka utforminga av byen. Fylkesmannen kan ikke sjå at flaumvernet på dette stadiet er tilstrekkelig utgreidd med tanke på utforming, teknisk og økonomisk gjennomførbarheit og juridisk ansvar.

Du finn uttalane i høgremargen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Aktuelt

Sentrumsplanen i Stavanger

Føremålet er at planen skal presentera mål og forslag til løysingar for sentrumsutviklinga slik at sentrum blir styrka og utvikla som det viktigaste senteret i regionen for handel, offentleg og privat tenesteyting, kultur, uteliv, opplevingar ­- og som det leiande arbeidsplassområdet. Planen skal også sikra den historiske sentrumsidentiteten som sjøfarts-, industri- og trehusby.