Jubileumsreisa 2016
Måndag 27. juni besøker Deira Majestetar Kongen og Dronninga Stavanger i samband med jubileumsreisa. Reisa er eit ledd i markeringane av 25-årsjubileet til kongeparet. Planlegginga av både folkefesten og hagefesten er godt i gang.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Den store reisa med Kongeskipet "Norge" startar 18. juni og blir avslutta 29. juni. På desse dagane skal Kongeparet besøka byane Tromsø, Bodø, Trondheim, Bergen, Stavanger og Kristiansand.
- 18. juni: Tromsø
- 19. juni: Bodø
- 22. og 23. juni: Trondheim
- 25. juni: Bergen
- 27. juni: Stavanger
- 29. juni: Kristiansand
I Trondheim er Kongefamilien til stades ved festgudstenesta i Nidaros domkirke 23. juni, til minne om signinga for 25 år sidan. Programmet for den enkelte byen er ikkje endeleg fastlagt, men det blir eit folkearrangement kvar stad, og Kongen og Dronninga inviterer i tillegg 300 gjester til hagefest. Gjestene er frå den respektive regionen og er plukka ut i samarbeid med Fylkesmannen. Kostnadene i samband hagefestane blir dekte av Kongen og Dronninga.
Tromsø
Jubileumsreisa blir innleia med Kongeparets hagefest for 300 inviterte gjester på «Skansen» i Tromsø om førmiddagen 18. juni. Seinare på dagen inviterer Tromsø kommune til eit stort folkearrangement på torget i byen. Dette blir ein del av «Midnight Sun Marathon», som finn stad på same tida.
Bodø
Søndag 19. juni kjem Kongen og Dronninga til Bodø. Byen feirar 200-årsjubileet sitt i år – noko som kjem til å prega besøket. Etter å ha gått i land får Kong Harald og Dronning Sonja ei orientering om byjubileet og kulturkvartalet «Stormen». Det blir ei byvandring med stopp undervegs til torget, der det store folkearrangementet finn stad.
På ettermiddagen held Kongeparet hagefest for 300 gjester på Nordland kultursenter. Besøket i Bodø blir avslutta på kveldstid ved at Dronninga opnar "Keiserstien"som går frå Turisthytta til "Keiservarden" på toppen av fjellet Veten.
Trondheim
Trondheim kommune inviterer Kongeparet og befolkninga i byen på frukost og folkefest i Ravnkloa tidleg føremiddag torsdag 23. juni. Klokka 12.00 er det stor festgudsteneste i Nidaros domkirke. Gudstenesta, som blir forretta av preses, biskop Helga Haugland Byfuglien, markerer at det denne dagen er nøyaktig 25 år sida Kongen og Dronninga blei signa. Kongeparets hagefest i Trondheim, med 600 inviterte gjester, finn stad i Stiftsgårdsparken.
I Trondheim er også Kronprinsfamilien, Prinsesse Märtha Louise med familie, Prinsesse Astrid, fru Ferner og Erling Lorentzen til stades.
Bergen
Kongeparet og Kronprinsparet går i land på Bryggen i Bergen om føremiddagen laurdag 25. juni for å ta del i byens folkefest for Kongen og Dronninga. Programmet omfattar ei vandring på Bryggen. Laurdag ettermiddag er Kongeparet vertskap for 300 inviterte gjester ved hagefesten i parken på Gamlehaugen.
Stavanger
Den store hagefesten med 300 gjester er lagt til Ledaal, Kongens offisielle bustad i Stavanger, på føremiddagstid måndag 27. juni. Kongeparet er vertskap og Kronprinsparet er også til stades. Under Kongeparets signingsferd i 1991 var det offisiell middag på Ledaal. Folkefesten er lagt til amfiområdet utanfor Stavanger konserthus og skjer på ettermiddagen.
Kristiansand
Jubileumsreisa blir avslutta i Kristiansand onsdag 29. juni, der besøket skal innleiast ved at Kongepar og Kronprinspar går i land ved Kilden kulturhus. Derfrå blir det vandring med stopp undervegs, langs bryggene til folkefesten i Tresse. Siste programpost i Kristiansand er hagefesten med 300 gjester på Myren gård – der det for 25 år sidan var ein stor midtsommarfest for Kongeparet som då var på signingsreise.
Mediedekning - akkreditering
Det blir lagt til rette for pressa, med eigne fotopunkt, ved alle folkefestane. Det er avgrensa med fotopunkt/tilgang ved Kongeparets hagefestar – med unntak for NTB scanpix som får tilgang til fri fotografering.
Under gudstenesta i Nidaros domkirke blir det fotopoolar. Det blir sett av enkelte plassar i kyrkja for skrivande presse.
Det blir utarbeidd eit presseprogram for heile jubileumsreisa for akkreditert presse.
Redaksjonar som ønskjer å dekka heile eller delar av Kongeparets jubileumsreise må søkja om akkreditering. Søknaden må innehalda:
- namn
- medium
- mobiltelefon
- e-postadresse
- kva by(ar) ein ønskjer akkreditering til
Søknad om akkreditering kan sendast elektronisk til akkreditering@slottet.no innan fredag 27. mai 2016 klokka 15.00.
Eventuelle spørsmål kan rettast til assisterande kommunikasjonssjef Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelige hoff, tlf +47 908 26 849