Kartlegging av barnevernet i små kommunar
Kartlegginga som KS har gjennomført, gir svar på spørsmål knytt til utfordringar små kommunar har på området.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Deloitte har bistått KS i gjennomføringa av ei systematisk kartlegging av status på barnevernsområdet i små kommunar (under 5000 innbyggjarar). Kartlegginga gir svar på spørsmål i samband med kommunane sine utfordringar på området, kommunane sitt arbeid på barnevernsområdet, interkommunalt samarbeid og internt samarbeid. Karlegginga omhandlar også fagleg bistand, oppgåve- og ansvarsdeling mellom statleg og kommunalt barnevern, kommunen si myndigheit som bestillarar av statlege barnevernstiltak og kva for statlege oppgåver det er mogleg å overføre til kommunane. Ei spørreundersøking til samtlege småkommunar og ei arbeidssamling med eit utval av småkommunar er med på å gi svar på spørsmåla.