Trygt og godt skolemiljø – 2021
I 2021 fekk Statsforvaltaren i Rogaland 125 meldingar om at elevar ikkje har eit trygt og godt skolemiljø.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Alle elevar har rett til eit trygt og godt skolemiljø, og for å ivareta denne retten har skolane ei aktivitetsplikt.
Aktivitetsplikta inneber at dei tilsette på skolen skal følgje med på korleis elevane har det på skolen, dei tilsette skal gripe inn mot krenking, og dei tilsette skal varsle rektor dersom dei får mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skolemiljø. Skolen skal snarast undersøke saka, og sette inn tiltak. Tiltaka skal stå i ein skriftleg aktivitetsplan.
Dersom ein elev ikkje har eit trygt og godt skolemiljø, kan eleven eller foreldra melde saka til Statsforvaltaren etter at saka er tatt opp med rektor.
I 2021 fekk Statsforvaltaren i Rogaland 125 slike meldingar.93% av meldingane gjaldt elevar på offentlege skolar, og 7% av meldingane gjaldt elevar på friskolar. 40% av meldingane gjaldt jenter, og 60% av meldingane gjaldt gutar.
Meldingane fordelte seg slik mellom dei ulike klassetrinna
1.kl. |
2.kl. |
3.kl. |
4.kl. |
5.kl. |
6.kl. |
7.kl. |
8.kl. |
9.kl. |
10.kl. |
Vg1 |
Vg2 |
Vg3 |
5 |
6 |
8 |
24 |
21 |
22 |
8 |
8 |
13 |
8 |
0 |
1 |
1 |
Dei 125 meldingane blei behandla slik av Statsforvaltaren:
- Vi fatta vedtak i 96 saker.
- Meldaren trekte saka i 23 tilfelle.
- Vi ga rettleiing i 4 saker.
- Vi avviste 2 saker.
I sakene der vi fatta vedtak fekk 86% medhald i at skolen ikkje hadde oppfylt aktivitetsplikta. I 14% av vedtaka gav vi ikkje medhald. I dei sakene meinte vi at skolen hadde oppfylt aktivitetsplikta.
Kommune |
Vedtak medhald |
Vedtak |
Avvist |
Trekt av meldar |
Rettleiing |
Bokn |
1 |
|
|
|
|
Eigersund |
2 |
|
|
1 |
|
Gjesdal |
3 |
|
|
2 |
|
Haugesund |
5 |
3 |
|
3 |
|
Hjelmeland |
1 |
|
|
|
|
Hå |
1 |
1 |
|
1 |
|
Karmøy |
5 |
|
|
1 |
|
Klepp |
3 |
|
|
1 |
|
Lund |
2 |
|
|
|
|
Randaberg |
3 |
|
|
|
|
Sandnes |
15 |
4 |
|
2 |
|
Sokndal |
2 |
|
|
|
|
Sola |
2 |
2 |
|
1 |
|
Stavanger |
22 |
1 |
1 |
5 |
2 |
Strand |
1 |
1 |
1 |
1 |
|
Suldal |
|
|
|
1 |
|
Time |
5 |
|
|
|
|
Tysvær |
3 |
|
|
1 |
1 |
Vindafjord |
1 |
|
|
|
|
Rogaland fylkeskommune |
2 |
|
|
|
|
Friskolar |
4 |
1 |
|
3 |
1 |
SUM |
83 |
13 |
2 |
23 |
4 |
Kontaktpersonar
-
Marianne Skogerbø
Tlf: 51 56 87 88 / 99 15 60 49 -
Hjalmar Arnø
Tlf: 51 56 87 41