Nye helseattestar ved søknad om førarkort, kjøyresetel og kompetansebevis
Det er utarbeidd nye attestar til bruk ved søknad om førarkort, kjøyresetel og kompetansebevis.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Vegdirektoratet har i samarbeid med Helsedirektoratet utarbeida nye attestar til bruk ved søknad om førarkort, køyresetel og kompetansebevis (NA 0202), ny tilleggsattest om helse for personar med diabetes (NA0202b) og ny optikarattest. Fylkesmannen i Rogaland ber legar og optikarar om å ta dei nye attestane i bruk så snart som mogleg. Dei nye helseattestane er i samsvar med relevante forskrifter og IS-1437- regler og veiledning for utfylling av helseattest og er også tilgjengeleg gjennom pdf-versjonar som kan fyllast ut elektronisk. Gamle attestar skal ikkje bli nytta etter 19.01.2013.