12 millionar kroner til fornying og innovasjon i kommunane i 2024
Statsforvaltaren i Rogaland set no av meir midlar til fornying og innovasjon i kommunane enn nokon gång tidlegare. 12 mill. kroner av skjønnsramma er sett av til kommunale prosjekt for fornying og innovasjon i 2024.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Innovasjon og nytenking er naudsynt for at kommunane skal halda fram med å levere gode tenester til innbyggarane, samstundes som dei arbeider med å følgje opp FNs berekraftsmål. For 2024 er det sett av 12 millionar kroner til fornyings- og innovasjonsprosjekt. Dette er 2 millionar kroner meir enn det som var sett av for 2023.
Formålet med skjønnstilskot til fornyings- og innovasjonsprosjekt (prosjektskjønn) er å stimulere kommunane til å jobbe på nye måter, og bidra til at kommunane kan teste ut nye løysingar i si verksemd. Prosjekta skal styrke kommunane i rolla som tenesteprodusent, myndigheit, lokaldemokratisk arena eller som samfunnsutviklar. Vi har tru på at vi i framtida vil kunne prioritere enda meir pengar årleg til gode innovasjonsprosjekt i kommunane.
Tre satsingar: Barn og unge, klima og berekraftige velferdssamfunn
Regjeringa har bestemt at FNs berekraftsmål skal vere det politiske hovudsporet for å ta tak i vår tids største nasjonale og globale utfordringar. FNs 17 berekraftsmål er verdens felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, motarbeide ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. Planlegging er eit viktig verkemiddel for å oppnå berekraftsmåla, og fleire av måla kan berre bli oppnådd ved hjelp av lokal innsats.
Statsforvaltaren i Rogaland framhever tre strategiske satsingsområde: barn og unge, klima og berekraftige velferdssamfunn, som prioriterte område for prosjektskjønn i 2024.
Barn og unge
Barns beste er eit grunnleggande omsyn ved alle handlingar som påverkar barn. Ulike sektorar må sjå barnerettar og oppfølginga av barn, unge og deira familiar som ei heile. Målet er at alle barn skal oppleve eit godt og inkluderande oppvekst-, leike- og læringsmiljø, og få oppfylt sine rettar etter Barnekonvensjonen. Det vil krevje endringar og tilpassingar i korleis kommunane, fylkeskommunen og den regionale stat løyser sine velferdsoppgåver.
Klima
Klimautfordringa er global, men mykje av utsleppsreduksjonen og tilpassinga vil måtte skje nasjonalt og lokalt. Norges mål under Parisavtalen er å redusere utsleppet av klimagassar med 50 til 55 prosent innan 2030. Norges klimalov utgjer rammene for norsk klimapolitikk, og skal fremme gjennomføringa av omstillinga til eit lågutsleppssamfunn. Det vil krevje samordning og endringar i korleis kommunane, fylkeskommunen og den regionale stat forvaltar ressursane for å gjennomføre klimaomstillinga.
Berekraftige velferdssamfunn
Berekraftige velferdssamfunn er relatert til fleire av berekraftsmåla. I tiåra som kjem vil det stå færre i yrkesaktiv alder bak kvar pensjonist. Statens utgifter vil gå opp, utan at inntektene aukar like mykje. Mangel på kompetent arbeidskraft vil vere ei tilsvarande utfordring som økonomi. Å ta vare på og sikre velferdssamfunnets berekraft er derfor vesentleg for at Rogaland skal vere eit godt fylke å bu i.
Vi vil i tillegg prioritere søknader om arbeid med å implementere verktøy som kan måle kommunens berekraftsarbeid (til dømes U4SSC standarden).
Kommunane har fått eit brev frå oss med meir informasjon om tilskotet. Søknadsfrist for kommunane er 1. november 2023. Sjå lenke til utlysinga.