Informasjon om ordinært skjønstilskot til kommunane for 2023 og viktige fristar
Statsforvaltaren tilrår fordeling av statlege skjønstilskot til kommunane. Det er ei rekkje viktige søknadsfristar for kommunane i Rogaland denne hausten.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Ordinært skjønstilskot for 2023 – frist for å melde inn innspel 30. august
Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) fordeler kvart år ein del av rammetilskotet til kommunar etter skjøn. Skjønstilskotet skal kompensera kommunar for lokale forhold som ikkje blir fanga opp i den faste delen av inntektssystemet, og bidra til fornying og utvikling i kommunesektoren.
I Stortinget si behandling av kommuneproposisjonen for 2023 fekk KDD fullmakt til å fordela 1 332 mill. kroner i skjønstilskot. Basisramma for kommunane er satt til 800 mill. kroner. Dette beløpet er 50 mill. lågare enn i fjor. Hovudfordelinga av skjønstilskot gjennomførast om hausten, i samband med statsbudsjettet.
KDD gir føringar for fordeling, bruk og rapportering av skjønstilskot. Skjønstilskotet skal ikkje fordelast berre på grunnlag av ein fast berekningsmodell eller til forhold på einskilde tenesteområde.
Statsforvaltaren skal gjera ei heilskapleg og konkret vurdering av kommunen sitt behov for skjønstilskot, og tildela skjønstilskotet på grunnlag av kommunen sin overordna økonomiske situasjon.
Statsforvaltaren sin fordeling av skjønstilskotet skal vere basert på dialog med kommunane. Innspel frå kommunane er viktig for å oppnå ei så god tildeling som råd, og vi ber derfor alle kommunar som kan peike på spesielle, lokale forhold som ikkje blir fanga opp av inntektssystemet eller andre ordningar, om å gjera dette skriftleg.
Skjønstilskot for 2023 blir berre vurdert tildelt til kommunar som har meldt inn oppdaterte innspel innan fristen.
Døme på forhold kommunane kan melda inn som grunnlag for ordinært skjønstilskot:
- særskilte utfordringar knytt til rus/psykiatri
- utgifter til båtskyss av helsepersonell
- språkdeling
- særlege økonomiske konsekvensar som følgje av koronapandemien, som ikkje blir kompensert for gjennom andre tilskot
- særlege økonomiske konsekvensar som følgje av busetting av flyktningar, som ikkje blir kompensert for gjennom andre tilskot
Meir om språkdeling
I opplæringslova § 2-5 heter det: «Når minst ti elevar på eitt av årstrinna 1-7 i ein kommune ønskjer skriftleg opplæring på eit anna hovudmål enn det kommunen har vedteke, har dei rett til å tilhøyre ei eiga elevgruppe.» Utdanningsdirektoratet har presisert at retten til opplæring i eiga gruppe gjeld skriftlege fag og fag med stor grad av skriftleg innhald.
Skjønstilskot kan tildelast for å kompensere for meirutgifter til språkdeling, altså dei tilfella kor det
er oppretta fleire elevgrupper enn det skulane hadde behøvd dersom alle hadde same målform.
Frå og med tildelinga av skjønstilskot for 2021 har Statsforvaltaren vald å samkøyre tildeling av skjønstilskot relatert til ekstra språkdelingsklasser med den ordinære prosessen for fordeling om hausten. Statsforvaltaren vil fortsette med ei slik samkøyring. Dette er eit tiltak som skal styrka den heilskaplege vurderinga KDD krev at ligg til grunn for skjønnsfordelinga.
For 2023 vil derfor midlar til språkdeling bli fordelt i samband med fordeling av ordinært skjønstilskot på hausten. Midla vil bli utbetalt gjennom terminutbetalingane frå KDD, og slik bli fordelt utover året. For kommunar som får tildelt skjønstilskot på grunnlag av fleire forhold enn språkdeling, vil det ikkje være ein del av beløpet som er øyremerkt eller spesifisert språkdeling. Fordelinga blir gjort på grunnlag av talet på ekstraklasser, kommunen sin overordna økonomi og dei andre forholda som kommunen melder inn.
På grunn av den generelle reduksjonen i skjønstilskot år for år, må det derfor òg forventast ein
reduksjon i skjønstilskotet til kommunar som har meirutgifter på grunn av språkdeling.
Annan informasjon
Som grunnlag for søknad og meir informasjon om skjønstilskot viser vi til:
- Kap 4 i kommuneproposisjonen 2023, Prop 110 S, om skjønstilskotet. Kommuneproposisjonen blei behandla i Stortinget 14. juni 2022.
Frist for å melde inn skriftlege innspel/søknad om ordinært skjønstilskot er 30. august 2022. I tilfella der det er snakk om konkrete utgifter, må utgiftene dokumenterast.
Restskjøn/kriseskjøn for 2022 – frist for å søke 30. september
I tråd med føringar frå departementet har Statsforvaltaren for 2022 halde tilbake deler av skjønsramma til fordeling gjennom året. Dette utgjer 7,3 mill. kroner. Desse midlane skal bidra til å ivareta kommunar som opplever uventa og ekstraordinære økonomiske utfordringar gjennom året, inkludert naturskade.
Kommunane kan melde inn om behov for tilskot til uventa økonomiske utfordringar innan
30. september 2022.
Skjønstilskot til vertskommunar i forbindelse med den ukrainske flyktningkrisen – frist for å søke 14.oktober
Stortinget har i forbindelse med behandlinga av Prop. 78 S (2021-2022) jf. Innst. 270 S (2021-2022) vedtatt å auke skjønsramma til vertskommunar som har vesentlege utgifter til ukrainske flyktningar i mottaksfasen. Ordninga gjeld utgifter som ikkje blir dekka av vertskommunetilskotet, eller av dei andre statlege tilskot innan barnevern og helse (Helfo). Vertskommunar med asylmottak og/eller kommunar med avtale om alternativ mottaksplass kan søke om skjønnstilskot innan 14.oktober. Kommunane har fått eit eige brev om dette tilskotet med meir informasjon.
Skjønstilskot til innovasjon og fornying/prosjektskjøn – frist for å søke 1. november
Statsforvaltaren har tidlegare år hatt søknadsfrist for skjønstilskot til innovasjon og fornying same år som tilskotet skulle gjelde for. For at tildelinga av midlar skal samsvare betre, er fristen for 2023 i år sett til 1. november 2022. Vi vil sende ut eit brev til kommunane hausten med meir informasjon om prioriterte område for dette tilskotet.
Oppsummering
Oppsummert er det fire fristar i haust for kommunane å forhalda seg til for skjønstilskot:
- 30. august er frist for å melde inn skriftleg innspel til ordinært skjønstilskot 2023.
- 30. september er frist for å søke om restskjøn/kriseskjøn som følgje av uventa økonomiske
utfordringar i 2022.
- 14. oktober er frist for vertskommunar til å søke om skjønstilskot i forbindelse med den ukrainske
flyktningsituasjonen.
- 1. november er frist for å søke om prosjektskjøn.
Søknader og innspel sendast til Statsforvaltaren i Rogland: sfropost@statsforvalteren.no
Kontaktpersonar
-
Tiril Marie Jansen
Tlf: 51 56 87 06 -
Kristine Enger
Tlf: 51 56 88 28 / 95 78 56 87 -
Monica Nessa
Tlf: 51 56 88 71 / 48 12 68 47