Rapport: Vurder det regionale og kommunale nivået samla
Rogaland som ein del av eit storfylke på Vestlandet? Det er eitt av alternativa Møreforsking presenterer i ein ny rapport. Forskingsinstituttet kjem med eit klart råd om å ikkje halde på 19 fylke som i dag.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Møreforsking har på bestilling frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) laga rapporten med vurderingar av moglege modellar for det regionale, folkevalte nivået i Noreg. Strukturen på regionalt og kommunalt nivå må vurderast saman, tilrår forskarane.
Vestlandsfylke?
Måndag 17. november leverte Møreforsking rapporten til kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner. I rapporten blir det vurdert ulike måtar å organisere fylkeskommunen på. Det er omtalt fleire modellar for ny regional struktur, og i ein av modellane er Rogaland tenkt som ein del av ein samla vestlandsregion. Det blir ikkje tilrådd å helde på 19 fylke som i dag.
Stortingsmelding i 2015
Våren 2015 skal det leggjast fram ei melding til Stortinget om oppgåvene på kommunalt og regionalt nivå. Denne rapporten er eit viktig bidrag i dette arbeidet, meiner departementet.
Les meir om rapporten her.
Aktuelt
Kommunereforma
Regjeringa ønskjer å flytte makt og ansvar til større og meir robuste kommunar. Målet er eit lokaldemokrati som kan sikra velferd, verdiskaping og trivsel.
Kommunane må ha kraft til å møte utfordringane som ventar. Det er utfordringar knytt til demografi, velferd og kompetanse, men også evne til å utvikle gode og attraktive lokalsamfunn.