Konferanse - omstilling og vekst for Rogalandslandbruket
- Dato:
- 27. august 2021 10:00 - 15:00
- Stad:
- Øksnevad vidaregåande skole
- Arrangør:
- Rogaland landbrukspark, Rogaland bondelag, Rogaland fylkeskommune og Statsforvaltaren i Rogaland
- Målgruppe:
- Politikarar, næringsutøvande i landbruket, rådgiving, forvaltning, undervisning, og andre samfunnsengasjerte
Kva ambisjonar har styrande makter og politikarane for matfylket Rogaland, og er det eigentleg vilje til å få til ei berekraftig omstilling?
Trendane i norsk forbruksmønster er mindre kjøtforbruk samstundes som norsk mjølkekonsum går ned. Etterspurnaden er aukande etter produkt som bær, frukt og grønsaker. Ei omstilling av produksjonen krev at heile verdikjeda fungerer; alt frå rammevilkår til marknadsadgang.
Konferansen vil ta opp tema som rammevilkår og omsetning – moglegheiter og hindringar for omstilling og vekst for Rogalandslandbruket.
Agenda
10.00 | Registrering, vi møtast over kaffikoppen og ved fruktfatet til koronafri småprat | |
10.30 | Velkomen til Øksnevad vidaregåande skole | Eiliv Fougner Jansen, rektor |
10.35 | Mat og marknad – korleis NIBIO og Rogaland Landbrukspark engasjerer seg | Arne Sæbø, stasjonsstyrar NIBIO Særheim og styreleiar i Rogaland Landbrukspark |
10.45 | Korleis vil Bondelaget bidra til omstilling i jord- og hagebruket i Rogaland? | Marit Epletveit, styreleiar i Rogaland Bondelag |
11.00 | Tilgang til marknaden gjennom betre handelsavtalar -realismen i å auka norsk produksjon gjennom redusert import | Leif Forsell, sivilagronom/landbruksøkonom |
11.25 | Har vi handlingsrom med omsyn til omstilling i norsk landbruk? Maktfaktorar i norsk matproduksjon – styrer politikken kjedene eller er det kjedene som styrer politikken? |
Olaug Bollestad, landbruks- og matminister |
11.50 | Enkel lunsj | servert av elevar ved skolen |
12.45 | Er vi forberedt og har vi verktøy til omstillingar i norsk jord- og hagebruk? | Geir Pollestad, leiar av næringskomiteen på Stortinget |
13.05 | Grøntsektoren i Rogaland: moglegheiter og hindringar for å auka produksjonen |
Ivar Pettersen, NIBIO |
13.30 | Kor viktig er det å få stabile forsyningar av råstoff og kva konsekvensar kan ein nedgang gi? |
Terje Wester, dagleg leiar Fatland AS |
13.55 | Beinstrekk |
|
14.05 | Paneldebatt. Innleiarane deltar |
Leia av Tor Øyvind Skeiseid |
14.50 | Avslutning |
Arne Sæbø |
Det vert gitt rom for 5 minuttar til spørsmål etter kvart innlegg.
Pris: kr 400. Blir fakturert etter møtet.
Møtet blir lagt til Teams dersom smittesituasjonen tilseier det. Alle påmeldte får då e-post med innkalling. Kostnaden fell bort.
Påmelding innan torsdag 19. august.
Velkomen!
- Dato:
- 27. august 2021 10:00 - 15:00
- Stad:
- Øksnevad vidaregåande skole
- Arrangør:
- Rogaland landbrukspark, Rogaland bondelag, Rogaland fylkeskommune og Statsforvaltaren i Rogaland
- Målgruppe:
- Politikarar, næringsutøvande i landbruket, rådgiving, forvaltning, undervisning, og andre samfunnsengasjerte