Vellukka rekruttering og kompetanseheving innan birøkt i Rogaland
Rogaland Birøktarlag har lukkast med å få ny giv i birøktarnæringa. I 2013 blei det sett i gang eit prosjekt med rekruttering og kompetanseheving innan birøkt i Rogaland. Allereie før prosjektet er ferdig kan vi konkludere med at det er ein stor suksess.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Prosjektet har fått stønad frå Rogaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Rogaland. Anja Laupstad Vatland blei hyra inn som prosjektleiar, og har jobba med å motivera dei tillitsvalde i lokallaga til å organisera kurs og å skaffe kursdeltakarar. Det har også vore retta innsats for å få merksemd i media.
Mange nybegynnarar
Til nå har om lag 170 personar gått på nybegynnarkurs, og 38 på ulike vidaregåande kurs. Det blir eit stort behov for vidaregåande kurs dei neste åra. Med den vitaliseringa som har vore av lokallaga, reknar vi også med at interessa for nybegynnarkurs vil halde seg.
Utvikling i tal nye birøktarar frå 2006 til 2015. Kjelde Norsk birøktarlag
I prosjektperioden har om lag 50 personer slutta med bier. Mange av desse hadde venta i årevis på å få selje biene. Det har vore stor mangel på bikubar for sal i perioden, og bikubane har til dels blitt rasjonerte ut. Det er framleis ein del som venter på å få dei fyrste bikubane. Utfordringa dei neste åra blir å følja opp alle dei nye birøktarane, og å skaffa nok bier.
Fordeling av birøktarar etter tal år med erfaring. Kjelde Norsk birøktarlag
Gjennom prosjektet har vi lukkast med å få til eit generasjonsskifte i næringa, og gjennomsnittsalderen har gått kraftig ned. Dei fleste som går på kurs er 30-45 år, og er etablerte barnefamiliar. I mange tilfelle går begge ektefellene på kurs. Dei som har slutta var for det meste over 70 år.
Mangel på bier ei utfordring
Brorparten av dei som startar med bier har ikkje ambisjonar om å bli storbirøktarar, men kan få ambisjonar om dette etter ei tid. 10-20 prosent har ambisjonar om å bli ein større produsent og ha dette som ein viktig del av inntektsgrunnlaget. Både bønder og personar som ikkje er knytte til gardsbruk ønskjer å satse. På grunn av biemangel så har dei fleste ikkje greidd å komma opp i ein storleik som gjer at dei er kvalifiserte til å søkje om produksjonstilskot.
Det blir spennande å sjå korleis næringa utviklar seg i etterkant av prosjektet. Rogaland birøktarlag er blitt meir slagkraftig enn på mange tiår. Talet på birøktarar har gått frå ein årleg nedgang på om lag fem prosent til ein massiv auke. Den massive medgangen prosjektet har ført til vil forhåpentleg fortsette i mange år framover.
Kontaktpersonar
-
Morten Svanes
Tlf: 51 56 89 74