Vel økologisk mat for miljøet

Nordmenn kjøper økologisk fordi de meiner det er meir miljøvennleg og gir betre dyrevelferd enn konvensjonell produsert mat.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.10.2017

Forskar Annechen Bahr Bugge ved forskingsinstituttet SIFO ser ein aukande etterspurnad etter det ho kallar «skuldfri» mat. Med det meiner ho mat som er framstilt utan negative konsekvensar for mat eller miljøet. Undersøkingar gjennomført tidlegare viste at nordmenn valte økologisk mat fordi dei meinte at det var sunnare. Det er interessant å sjå at nå kjøper 40 prosent økologisk grunnet miljøet og 28 prosent grunnen egen helse. Ifølge Markus Brun Hustad, rådgivar i Oikos – Økologisk Norge, er det et teikn i tida at fleire får augene opp for spydspissfunksjonen økologisk landbruk har i forhold til miljø og dyrevelferd og difor vel økologisk mat.

Ei ny undersøking viser at 78 prosent vel helst eller av og til eit økologisk alternativ, medan 22 prosent av forbrukarane ikkje kjøper økologiske produkt. Rund halvparten av dei som kjøper økologisk opplyser at det er viktig at maten er norskprodusert, og det er folk på bygda som er mest oppteken av opphavet. Samstundes er det delen forbrukarar som helst vel økologisk størst i hovudstaden på 16 prosent, mens det er 10 prosent på landsbasis.

Omsetting av økologisk mat auka i daglegvarehandelen med 14 prosent i verdi i første halvår i 2017, den er nå oppe i 1,3 mrd. kronar. (Landbruksdirektoratet, 15.09.2017)


Kjelde: Nationen, 30.sept 2017 og www.økouka.no Undersøkinga ble gjennomført av Mediacom Innsight i oppdrag av ØKOUKA og Matmerk

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.