Landbruket i Rogaland sin heiderspris 2023
Rogaland landbruksselskap deler årleg ut ein heiderspris og treng kandidatar til denne. Prisen skal gå til ein eller fleire med yrket sitt i landbruket som har gjort ein positiv innsats ut over det ein normalt kan forvente. Frist for å sende inn forslag er 12.desember.
Heidersprisen skal gå til ein person frå landbruket som oppfyller nokre av kriteria under:
- Har profilert landbruket på ein positiv måte mot resten av samfunnet.
- Har fremma positive idear for vidareutvikling av bygdene i Rogaland.
- Har vore ei drivkraft i utvikling av ei levedyktig bygd og/eller eit grannelag.
- Er eit føredøme i arbeidet for vidareutvikling av kulturlandskapet.
- Har profilert og i praksis gjennomført jordbruksdrifta si med høg miljøstandard, og har hatt fokus på etikk i fjøs og /eller gris-/fjørfehus.
- Har hjelpt ein yrkesbror eller syster gjennom ein vanskeleg periode.
- Utvikla nye produkt eller tenester som kan gjere landbruket meir robust.
Både einskildpersonar og organisasjonar kan kome med framlegg til kandidatar. Frist for å kome med forslag er sett til 12.desember 2023.
Forslag med ei kort grunngjeving skal sendast til
Rogaland landbruksselskap
Postboks 59, sentrum
4001 Stavanger
eller kan sendes til
Bente E. Halvorsen; bente.halvorsen@statsforvalteren.no
Heidersprisen består av Rogaland landbruksselskap sitt diplom og eit kunstverk, prisen vert delt ut på Landbrukskonferansen 4.mars 2024.