Vil trappe opp rekrutteringa til landbruket
Førre Landbruks- og matminister Geir Pollestad rakk å legge fram ein plan for auka rekruttering til landbruket før han gjekk av.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Planen er ambisiøs og femner om mykje som å trappe opp inntekta, utdanne fleire, styrke velferdsordningane, betre tilgangen på fagmiljø og gje fleire tilgang til investeringsstøtte for å nemne nokre av punkta.
Statsforvaltaren i Rogaland ønskjer planen velkomen. Me erfarer at rekruttering til landbruket blir utfordra av usikre rammevilkår og høge investerings- og driftskostnader, og me ser ein drenasje av arbeidskraft når det er gode økonomiske tider i anna næringsliv. Me opplever og at det til tider er krevjande å få tilsett personell med landbruksfagleg kompetanse, både hos oss og i kommunal landbruksforvalting.