Tilskotsområdet for miljøvenleg gjødselspreiing blir no utvida

Fleire bønder vil no kunne søkje tilskot til bruk av miljøvenleg utstyr til spreiing av husdyrgjødsel. Nytt er at det kan søkjast tilskot i Tysvær kommune for areal som drenerer til Skjoldafjorden, samt at heile kommunane: Randaberg og Sola, Klepp, Time og Hå no er inkludert.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.01.2015

Ei samstemt prosjektgruppe for Regionalt miljøprogram i Rogaland har gått inn for å inkludere fleire område i tilskotsordninga miljøvenleg gjødselspreiing.

Dei nye områdeavgrensingane er:

Heile kommunane:

Vindafjord, Randaberg, Sola, Stavanger, Time, Klepp og Hå

Område i Sandnes kommune og Gjesdal kommune som drenerer til:

Figgjovassdraget inkludert Skas Heigre-kanalen, Storåna, Folkvordkanalen

Område i Tysvær kommune som drenerer til:

Skjoldafjorden

 

Det kan i tillegg bli gitt tilskot til areal som blir drive økologisk.



Førebelse tilskotssatsar vil bli sett i etterkant av jordbruksoppgjeret 2015. Satsane for 2014 var:
- Tilskot til nedlegging/nedfelling i veksande kulturar:  80 kr/dekar
- Tilskot til nedlegging/nedfelling i open åker: 50 kr/ dekar
- Ekstra tilskot for bruk av slangeutstyr ved nedlegging/nedfelling: 50 kr/dekar
- Tilskot til nedmolding innan 2 timar: 30 kr/dekar

Utstyret må brukast ved all tilførsel av husdyrgjødsel på omsøkt areal. Siste frist for bruk av husdyrgjødsel er flytta til 10. august. Det må i tillegg bli ført skiftenoteringar som viser kva tid det er gjødsla på dei ulike teigene, samt kor mange m3 det er køyrd på. Ved leige av utstyr må det ligge føre kvitteringar som kan dokumentere leiga. 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar