Etterhandskunngjering av løyve til mudring og peling i sjø i Tauvågen
Fylkesmannen har etter søknad gitt Arne Helleland løyve til mudring og peling i sjø på eigedomen 15/1 Tauvågen, Strand kommune.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Løyve gjeld mudring av ca. 75 m3 og etablering av inntil 4 peler, tiltaket vil røre eit sjøbotnareal på ca. 75 m2. Føremålet med tiltaket er å leggje til rette for oppføring av eit lagerbygg med kaifront for sjøretta næringsverksemd.
Det er i løyve sett krav om blant anna bruk av siltgardin for å hindre spreiing av potensielt forureina sediment.
Vedtaket kan klagast på til Miljødirektoratet innan tre veker frå kunngjeringstidspunktet. Ei eventuell, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.
Sjå løyve og søknad i høgremargen.