Løyve til Velde Produksjon AS
Fylkesmannen har etter søknad gitt Velde Produksjon AS nytt løyve etter forureiningslova til drift av asfaltverk på Kylles i Sandnes kommune.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 08.11.2017
Verksemda har tidlegare hatt eit tidsavgrensa løyve gjeldande i 10 år.
Løyvet har ei årleg produksjonsramme på 400 000 tonn asfalt.
Vilkår er så langt mogleg i samsvar med sjølvberande vilkår sett i forureiningsforskrifta kapittel 24, Forurensning fra asfaltverk.
Løyvet samt vedtaket med saksutgreiing er utlagt i høyremargen.
Vedtaket om løyvet kan påklagast til Miljødirektoratet innan tre veker. Mogleg, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast Fylkesmannen i Rogaland, fmropost@fylkesmannen.no.