Etterkunngjering av endra løyve til arbeid i sjø ved Gjellestadvika
Fylkesmannen har etter søknad endra løyve til Aker Solutions AS for arbeid i sjø ved Gjellestadvika i Eigersund kommune. Endringa omfattar plassering av tiltaket og tidsavgrensing av sprenging i sjø.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Aker Solutions AS var tidlegare gitt løyve til mudring og sprenging i sjø. Det var i løyve sett avgrensing til tidspunkt for sprenging for å unngå inn- og utvandringstida for laks. Verksemda har søkt om endra plassering og har fått løyve til å flytte tiltaket ca. 150 m nord.
I endra løyve er det opna for sprenging i sjø i april med blant anna bruk av boblegardin for å redusere trykkbølga og effekten på laksesmolt. Det er ikkje tillat å sprenge i sjø frå 29. april t.o.m. 31. juli.
Vedtaket kan klagast på til Miljødirektoratet innan tre veker frå kunngjeringstidspunktet. Ei eventuell, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast til Fylkesmanen i Rogaland, postboks 49, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.
Sjå løyve med endringar i vedlegg til denne nettsaka.