Løyve forureiningslova til arbeid i sjø ved indre Jørpelandsvågen
Fylkeslkesmannen har etter søknad gitt Strand kommune løyve til arbeid i sjø ved rivning av ein eldre kai ved indre Jørpelandsvågen.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Det er gitt løyve til mudring av ca. 650 m3 sediment som vil røra ved eit sjøbotnareal på 430 m2, samt rivning av kaien. I løyve er det blant anna sett krav om siltgardin for å hindra partikkelspreiing og tidsavgrensing av omsyn til ålegras og anadrom fisk.
Vedtaket kan klagast på til Miljødirektoratet innan fire veker frå kunngjeringsdato. Ei eventuell, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.
Sjå løyve i vedlegga til denne nettsaka.