Lokal høyring av forvaltingsplanar for Storamyr naturreservat i Sola og Smokkevatnet i Time
Begge våtmarksreservata vart verna ved kongeleg resolusjon i 1996, og har sidan fått internasjonal verdistatus som lokalitetar innanfor Ramsar-området Jæren våtmarkssystem. Begge reservata har store plante- og dyrelivsverdiar.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Reservata er i privat eige og er omkransa av aktiv landbruksdrift. Fylkesmannen tek sikte på eit godt samarbeid med lokale brukarar. Planane er tufta på verneforskrifta og skal vera i samsvar med verneformålet. Ein forvaltningsplan skal sikra lik forvaltning i heile verneområdet, og gir føringar for bruk, informasjon, skjøtsel og eventuell tilrettelegging.
Planane inneber ikkje endringar i vernereglane, og er ikkje juridisk bindande, men godkjenningvedtaket kan klagast på etter reglane i forvaltningslova.
Merknader til høyringa må sendast Fylkesmannen innan 06.09.2013. Deretter vil innkomne uttalar bli oppsummert, med eventuell revidering av planane, før desse vert oversendt Direktoratet for naturforvaltning for endeleg godkjenning.