Kleppa held fram som fylkesmann i Rogaland inntil vidare
Magnhild Meltveit Kleppa skulle etter planen ha siste arbeidsdagen sin i slutten av november. Slik blir det ikkje.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 01.10.2018
Ho har avtalt med Kommunal- og moderniseringsdepartementet å halda fram inntil vidare. Grunnen er, mellom anna, fleire utskiftingar i leiargruppa i embetet denne hausten.
Uavklart kor lenge
Kor lenge Kleppa blir verande, er uvisst. Då søknadsfristen gjekk ut 30. august, var det seks søkarar til embetet. Det er ennå ikkje avgjort kven som skal overta som fylkesmann i Rogaland etter Kleppa.
Ho har i haust vore fylkesmann i fem år, etter ei lang karriere i rikspolitikken.
Les også: Magnhild sluttar som fylkesmann i november.