Uttale til områdeplan for aktivitet og servicetilbud og fritidsbustader i Svandal
Statsforvaltaren har gitt uttale til områdeplan for Svandal. Det er ein omfattande plan for vidare utvikling av skidestinasjonen med tilhøyrande fritidsbustader og service- og aktivitetstilbod. Statsforvaltaren har fremma motsegn til anlegg for stasjonsbygg og bevertning på Ramnafjellnuten, samt gondol, zipline og turveg til Ramnafjellnuten.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Det er utarbeidd områdeplan for utvikling av aktivitet- og servicetilbod og fritidsbustader i Svandal. Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for vidareutvikling i området ved Sauda skisenter, blant anna med etablering av gondolbanar, med sikte på å skapa meir heilårsaktivitet, samt utvikling av destinasjon med fritidsbusetnad, utleigeeiningar, næring- og servicetilbod. Planen skal sikra samanhengande ski-/turløypenett gjennom planområdet.
Motsegn til tiltaka omkring Ramnafjellnuten er fremma med bakgrunn i konflikt med kartlagde naturtypar og at tiltaket opnar for aktivitet og ferdsle inn i eit vidare nesten urørd hei- og fjellområde med villreinomsyn.
I tillegg har me fleire faglege råd me rår kommunen til å innarbeide i vidare arbeid med planen, mellom anna knytt til omsynet til landbruksnæringa, omsynet til myr, overvatn, vatn- og avløp, fare/skred, massehandtering med vidare.
Uttalen ligg ved i sin heilskap.