Ber kommunane gå gjennom beredskapsplanverket
Grunna auka trusselnivå i landet har Fylkesmannen fått i oppdrag frå Helsedirektoratet å sjå til at kommunane i fylket går gjennom beredskapsplanane sine.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Kommunane er blitt bedne om å gå gjennom planverket for helsemessig og sosial beredskap, overordna kriseplan og å sjekke om varslingslistene er korrekte. Dei må også vurdere ressurssituasjonen og korleis dei eventuelt kan kalle inn nøkkelpersonar frå ferie om noko skulle skje.
Helsedirektoratet har etablert krisestab, og følgjer situasjonen tett. Dei legg ut aktuell informasjon og råd til befolkninga på www.helsenorge.no og www.helsedirektoratet.no.
Dette kjem i tillegg til www.kriseinfo.no som informasjonskjelde til befolkninga og kommunane om utviklinga når det gjeld trusselsituasjonen.
Kontaktpersonar
-
Reidar Johnsen
Tlf: 51 56 88 39 / 41 52 34 31