Tilskot til etablering og utvikling av kommunale frisklivs-, lærings- og meistringstilbod for 2019
- Søknadsfrist:
- 20. mars 2019 23:59
- Målgruppe:
- Kommunar i Rogaland
- Ansvarleg:
- Fylkesmannen i Rogaland
- Kven kan søke:
- Kommunar i Rogaland
Det er no høve til å søkje om tilskot til kommunale frisklivs-, lærings- og meistringstiltak. Med atterhald om at statsbudsjettet vert godkjent, vil Fylkesmannen i Rogaland ha om lag 1 150 000 kroner til disposisjon i tilskotsordninga for kommunane i Rogaland.
Søknadsfristen er 20. mars 2019.
Målet med ordninga er å stimulere til utvikling av kommunale helse- og omsorgstenester som støttar opp under og realiserer måla i samhandlingsreforma og NCD-strategien om å fremje fysisk og psykisk helse, førebyggje sjukdom, bidra til meistring av sjukdom og til betre ressursutnytting av samla innsats i helse- og omsorgstenestene.
Søknaden må vere underskriven av rådmannen eller tilsvarande og må innehalde:
- Opplysningar om tiltak det blir søkt om tilskot til og kva som er føremålet.
- Budsjett som viser kva utgifter det er rekna med til det aktuelle tiltaket, kor mykje kommunen sjølv eventuelt vil løyve og kor mykje det blir søkt om frå Fylkesmannen.
- Namn på kontaktperson i kommunen, eventuelt referansenummer og kontonummer for innbetaling.
- Send søknaden i e-brev til Rogaland fmropost@fylkesmannen.no eller med vanleg post til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 5020 Stavanger.
- Bruk helst mal for søknad som dei finn i høgremargen av dette oppslaget.
Fylkesmannen krev å få tilsendt rapport og rekneskap for bruken av pengane innan 31. mars 2020. Dersom tilskotet ikkje blir nytta i samsvar med føremålet, vil vi krevje pengane tilbake. Kommunar som fekk tilskot i 2018, må levere rapport og rekneskap for dette seinast 31. mars 2019.
- Søknadsfrist:
- 20. mars 2019 23:59
- Målgruppe:
- Kommunar i Rogaland
- Ansvarleg:
- Fylkesmannen i Rogaland
- Kven kan søke:
- Kommunar i Rogaland