42 000 vaksne med verje i Noreg
Vanleg verjemål er ei frivillig velferdsordning, som blir brukt av kring 42 000 vaksne personar i Noreg. I eit vanleg verjemål har personen full rettsleg handleevne og kan disponere på eiga hand.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Verja gir støtte til å ta val, og bidreg til å ivareta interesser, ønske og behov. Mange i samfunnet har likevel ei oppfatning av at verjemål stengjer for at personen kan handle sjølv. Det fører til at verjehavar i ein del samanhengar blir hindra i å bestemme sjølv.
Retten til å bestemme sjølv gjer at verjehavar også kan ta val til skade for seg sjølv. I nokre tilfelle kan dette gå ut over andre grunnleggande menneskerettar. Samfunnet har derfor ein siste utveg, som er at domstolen kan gjere inngrep i retten til å bestemme sjølv. Per i dag er det 280 personar i Noreg som har avgrensingar i den rettslege handleevna si.
22 milliardar kroner i bankinnskot
Dersom verjehavar har midlar og finansiell eigedom over ein bestemt verdi, er hovudregelen at Statsforvaltaren skal forvalte midlane. Dei økonomiske midlane blir som hovudregel plassert som innskot i bank. Statsforvaltarane forvaltar i dag litt over 22 milliardar kroner.
Ein eigen verjekonto blir brukt til å forvalte verjehavars inntekter og til å dekkje utgifter. Verjehavar og verje bestemmer sjølve kva bank som skal brukast. På denne kontoen kan det stå inntil 2G, og verja disponerer kontoen i tråd med verjehavars ønske og vilje. Verjer med rekneskapsplikt leverer kvart år verjerekneskap til statsforvaltaren. Denne kontrollen skal bidra til å førebyggje og oppdage feil og misbruk av midlane. Statsforvaltaren kontrollerer altså verja – ikkje verjehavaren.
Verjehavar kan ha ein eigen brukskonto som berre han eller ho disponerer. Verja har ikkje disposisjonsrett til brukskontoen, og det er ikkje rekneskapsplikt for brukskontoen.
Kjelde: Årsmeldinga til Statens sivilrettsforvaltning, som er sentral verjemålsmyndigheit.
Dei ti statsforvaltarane behandlar verjemålssaker i første instans. Rekruttering, opplæring og tilsyn med verjer og rettleiing av publikum er også mellom oppgåvene til statsforvaltaren.