Rammeplan for Skolefritidsordninga (SFO)

Skulefritidsordninga er eit kommunalt tilbod for elevar i 1. til 7. trinn. SFO er ein viktig fritidsarena, som i overkant av 12 000 barn i Vestfold og Telemark fylke nyttar seg av. Det er viktig at tilbodet er av høg kvalitet.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 20.10.2023

På skulefritidsordninga skal barna få leike, oppleve kultur og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og deira interesser. Innhaldet i skulefritidsordninga skal vere lokalt tilpassa, men rammeplan for SFO bidreg til eit meir likeverdig tilbod over heile landet.

Rammeplanen sitt føremål

Rammeplan for SFO trådde i kraft 1. august 2021, og er ei forskrift til opplæringslova § 13-7. Ho er forpliktande og skal sørge for at alle barn får eit godt SFO-tilbod, uansett kor dei bur.

SFO sitt verdigrunnlag

Rammeplanen byggjer på grunnleggande verdiar som gjeld barnehage og grunnopplæring. Det vil seie at SFO skal bygge praksisen sin på grunnleggande verdiar som er felles i formålsparagrafane til barnehage og opplæringa. Den legg særskilt opp til at barndommen har sin eigenverdi og at SFO skal ivareta barna sitt behov for omsorg og tilsyn, og samtidig gi rikt høve for meiningsfull leik og fritid.

Verdigrunnlaget bygg òg på internasjonale konvensjonar, slik som FN sin konvensjon om rettane til barn og ILO-konvensjonen nr. 169 om urfolk og stammefolk i sjølvstendige statar. 

Skulemiljøet til eleven

Opplæringslova kapittel 9 A om eleven sitt skulemiljø gjeld og for SFO, bortsett frå unntaka som følgjer av § 9-A-1. Kapittel 9 A handlar om retten til trygt og godt fysisk og psykososialt miljø i SFO og plasserer ansvar for barna sin tryggheit hjå dei vaksne.

Fordeling av ansvar og oppgåver

Kommunen eller den kommunen brukar til å oppfylle plikta etter § 13-7 i opplæringslova, har ansvar for at SFO drivast i samsvar med gjeldande regelverk. Eigar skal i tillegg legge til rette for at SFO har høve til å planlegge og evaluere verksemda, drive kompetanseheving og reflektere over innhald og ulike arbeidsmåtar.

Viss SFO er knytt til ein skule, skal rektor til vanleg leie verksemda. Oppgåva kan delegerast til ein som får ansvar for den daglege drifta av SFO.

Statsforvaltaren har ansvar for å bidreg til at skuleeigar og skular forstår og tek i bruk rammeplan for SFO.

I høgre blokk finn du lenke til rammeplan for SFO og tilleggsmateriell, som er tilgjengeleg på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.