Aukande smitte i Vestfold og Telemark
Dei siste vekene har fylket fått markant meir smitte. Folkehelseinstituttet har berekna risikoen for at fylket når raudt nivå til 74 % i løpet av nokre veker.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Dei siste to vekene har vel 30 personar fått påvist smitte i Vestfold og Telemark. Det er framleis dei unge vaksne som er mest smitta, og dei har ofte lite symptom. Dei fleste vert smitta i eigen husstand, men smitte vert og overført ved private arrangement, på arbeidsstaden og på universitet og høgskular.
Haustferien står for døra, og dette inneber fleire reiser og ytterlegare auka smittetrykk i fylket. Oslo, Viken og Agder har pågåande smitteutbrot, og det er stor risiko for at denne smitten vil spreie seg vidare til Vestfold og Telemark. Det er difor svært viktig at folk følgjer smittevernråda for å få ned smittetrykket og om mogleg unngå at fylket når raudt nivå. Blant anna er dette viktig for å beskytta dei mest sårbare i samfunnet og halde smitte utanfor sjukeheimane og sjukehusa våre.
«Det er viktig at folk med symptom ikkje går på jobb eller skule, seier assisterande fylkeslege Bjørg Klemetsdal. Vi har alle eit ansvar for at smittespreiinga blir avgrensa».
Dei fleste vert nå smitta i Noreg. Det er forventa at det vil bli fleire innlagde i sjukehus grunna covid-19 den kommande tida og at vi nærare jul vil få ein ny nasjonal smittetopp lik den på våren.