Kompetansesamlingar for den kommunale landbruksforvaltinga våren 2020
Vi takkar for mange gode innspel frå dykk om aktuelle tema til kompetansesamlingar våren 2020. Vi har forsøk å setje saman eit program denne våren som dekkjer ein stor del av dei behova de har meldt frå om.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Fleire har ønskt å ha ei samling om verdisetjing av landbrukseigedom etter konsesjonslova. Vi er i ferd med å sjå på moglegheiter for å arrangere eit slikt kurs. Vi vil kome tilbake til dette med meir informasjon dersom det blir aktuelt med eit slikt kurs.
Vi har laga ei samla oversikt over kompetansesamlingar i regi av Fylkesmannens Landbruksavdeling for denne våren, sjå vedlagte dokument. Set av samlingane i kalenderen allereie no. Meir informasjon med program og påmelding kjem etter kvart for dei ulike samlingane.