Infoskriv nr. 3/2021 - uke 3

  • Produksjonstilskot – ny versjon av rundskriv
  • Nye heimesider - Landbruksdirektoratet
  • Presentasjonane frå Teams-møtet om tilskotsordningane i skog
  • Skogfond
  • Produksjonstilskot 2020
  • Produksjonstilskot – kontroll mot Debio
  • Satellittovervaking av skogskadar
Publisert 22.01.2021

Produksjonstilskot – ny versjon av rundskriv

I samband med at Landbruksdirektoratet no har nye nettsider, har dei òg laga nye versjonar av rundskriva om produksjonstilskot. Sjå kva direktoratet skriv i e-post om endringane:

Les meir her


Nye heimesider - Landbruksdirektoratet

Fredag 22. januar lanserer Landbruksdirektoratet nye heimesider. Dei er utvikla med utgangspunkt i behovet til brukarane og tilfredsstiller statlege krav til universell utforming. Ein av fleire viktige betringar er at forvaltninga får sin eigen «inngang» til heimesidene.

Les meir her


Presentasjonane frå Teams-møtet om tilskotsordningane i skog

Her er presentasjonane frå Teams-møtet om tilskotsordningane i skog. OBS: Det er gjort ei justering i presentasjonen for skogsvegar med behov og tildeling for tilskot til veg og taubane o.a

 


Skogfond

Informasjon om skogfond og kontoutskrift:

Les meir her


Produksjonstilskot 2020

Endelege satsar for produksjonstilskot er klare. Tilskotet til kulturlandskap er endra frå 166 til 162 kroner. Endelege satsar finn de på Landbruksdirektoratet si heimeside frå 22.01.2021.

De kan attestere søknadar til 7. februar. Den 8.-17. februar er systemet stengd.

Om talet på slakta dyr endrar seg vil søknaden koma som «under behandling».

Les meir her


Produksjonstilskot – kontroll mot Debio

  1. januar las Landbruksdirektoratet inn oppdatert informasjon frå Debio om kva for føretak som er knytt til deira kontrollordning. Fagsystemet eStil PT gjenopnar søknader frå føretak som har søkt om økologiske dyr/areal, men som ikkje er på lista frå Debio. Desse må kommunane følgje opp.

Les meir her


Satellittovervaking av skogskadar

Tørken i 2018 skaper framleis utfordringar for skogbruket med billeangrep og skogdød. Satellitt-overvaking kan gje tidleg og nøyaktig informasjon om utbreiing av skadane.

Les meir her

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner