Dersom institusjonar mistenker at barn oppbevarer rusmiddel eller farlege gjenstandar
Barnevernsinstitusjonen kan ikkje be politiet om å løyse institusjonen sine eigne oppgåver, som til dømes ransaking, etter reglane i rettigheitsforskrifta.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Problem knytt til rusbruk kan nettopp vere bakgrunnen for at barnet er plassert i institusjonen. Institusjonane må ha personale og metodar for å kunne handtere slike situasjonar innanfor rammene av regelverket. Sjå side 7, 8 og 24 i Rundskriv om retningslinjer i rettighetsforskriften.
Dersom institusjonen har informasjon som dei vurderer å gje til politiet, er det ulike moment dei må vurdere. Sjå meir i Retningslinjer for vurdering av om det skal gis opplysninger om straffbart forhold eller anmeldelse av beboer i barnevernsinstitusjon eller omsorgssenter til politiet.
Denne gjeld for dei statlege barneverninstitusjonane og omsorgssentera.
Sjå også saka Bruk av politi i barnevernsinstitusjon.