Konferanse om barnevernsreforma
Barnevernsreforma er tema på Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet sin årlege nasjonale barnevernskonferanse. Konferansen går føre seg 17. november og er heildigital.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 21.10.2021, Sist endra 22.10.2021
Konferansen vil handle om korleis reforma vil påverke arbeidet med barn sine oppveksvilkår i kommunen, og korleis nokre kommunar har førebudd seg på reforma. Konferansen er delt inn i ulike bolker, slik at tema skal vere ekstra relevante for dei tre hovudmålgruppene.
- Del 1: Kva no? Barnevernsreforma trer i kraft om kort tid. Denne bolken er for administrativ og politisk kommuneleiing og andre interesserte. Barnevernsreforma er ei oppvekstreform som krev breidt samarbeid, kva må de som leiarar gjere no?
- Del 2: Korleis få til samarbeid på tvers i kommunane? Denne bolken er for oppvekstsjefar og alle som jobbar med barn og unge i kommunen. Rett hjelp til rett tid krever samarbeid. Korleis er rammene og føresetnadane for dette i dag? I denne delen skal ein sjå nærare på dei ulike aktørane sine roller og ansvar og korleis få til samarbeid i praksis.
- Del 3: Korleis samarbeide godt med familiar? Denne bolken er for leiarar og medarbeidarar i kommunen. Korleis kan barnevernet bygge god relasjonskompetanse og få til godt samarbeid med familier som strevar.
Påmelding finn du på Bufdir sine sider.
Programmet finn du òg på Bufdir sine sider, det blir fortløpande oppdatert.
Meir informasjon om barnevernsreforma finn du på vår temaside.