Orientering om nasjonale prøvar hausten 2023

Nasjonale prøvar blir gjennomført om hausten for elevar på 5., 8. og 9. trinn.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 31.07.2023

Føremålet er å gje skulane kunnskap om elevane sine grunnleggjande ferdigheiter i lesing, rekning og engelsk. Prøvane gjev resultat om elevar på individ-, gruppe- og skulenivå.

Viktige datoar

  • Elevar på 5. og 8. trinn skal gjennomføre nasjonale prøvar i lesing, rekning og engelsk.
  • Elevar på 9. trinn skal gjennomføre nasjonale prøvar i lesing og rekning.

Veke

Datoar

Kva

31

1. august

Påmelding til nasjonale prøvar startar

36-39

4. september – 29. september

Gjennomføringsveker for nasjonale prøvar

39

29. september

Frist for registrering av friteke/ ikkje delteke på alle prøvar.

For 8. og 9. trinn: frist for å vurdere og skåre opne elevsvar i lesing.


Vurdering og skåring av opne oppgåver

Det er rektor sitt ansvar at alle opne oppgåver blir skåra innan fristen. Fristen er siste dag i gjennomføringsperioden. Dersom opne oppgåver ikkje blir skåra innan gitt frist, blir oppgåvene sett til 0 poeng og automatisk bekrefta.

Prøvetid

Å løyse ei prøve i lesing og rekning tek inntil 90 minuttar, og ei prøve i engelsk tek inntil 60 minuttar.

Brukarstøtte

Dersom det oppstår problem undervegs i gjennomføringa av nasjonale prøvar sender skulane spørsmåla til skuleeigar. Dersom spørsmåla gjeld gjenopning av nasjonale prøvar, eller tekniske utfordringar melder skuleeigar/private skuleleiarar dette samla til oss. De finn kontaktpersonar i høgremargen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.