Tilskot til rettleiing for nyutdanna nytilsette lærarar
Ordninga skal sikre at fleire lærarar får ein god overgang frå utdanning til yrke.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Føremål
Ei viktig siktemål med ordninga er å få fleire nyutdanna lærarar til å halde fram i læraryrket. Både gjennom å gje nye lærarar auka tryggleik til å handtere arbeidssituasjonen og gjere den tilsette medveten om verdien av eigen kompetanse.
Tilskotet skal både medverke til at skuleeigarar tek i vare ansvaret for å ha lokale rettleiingsordningar og styrke rettleiinga til den enkelte nyutdanna nytilsette læraren.
Kven kan søkje?
Kommunar og frittståande grunnskular godkjent etter lov om frittståande skular (friskulelova) kan søkje Utdanningsdirektoratet om tilskot innan 29. mai 2019.
Med nyutdanna og nytilsett lærar meiner vi ein lærar i dei to første åra etter ferdig grunnutdanning, i fast eller mellombels stilling. Det er berre nyutdanna og nytilsette lærarar som startar opp sitt første år i grunnskulen hausten 2019, skuleeigar kan motta tilskot for.
I statsbudsjettet for 2019 er det sett av 60 millionar kroner komande skuleår til tilskotsordninga. Tilskotet blir tildelt for eitt skuleår om gangen og vil i år ikkje bli lågare enn 18 666 kroner per lærar som får rettleiing.
Les meir om tilskotsordninga og framgangsmåte for søknad på Utdanningsdirektoratets heimeside.