Ny handbok skal inspirere kommunane
For å lette arbeidet, og inspirere flest mogleg kommunar til å følgje opp reforma, er det laga ei ny Leve heile livet-handbok.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 22.02.2021
Det er Helse- og omsorgsdepartementet som står bak handboka. Den gir ei kort innføring i reforma, og viser korleis Leve heile livet kan følgjast opp i kommunane.
Her kan du laste ned handboka om Leve heile livet.
Les meir om handboka og andre nyhende frå Leve heile livet i Helsedirektoratet sitt nyhendebrev.