Inviterer til dialogmøte om Leve heile livet
Fylkesmannen i Vestland og det regionale støtteapparatet inviterer til dialogmøte med kommunane i Vestland.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
I dialogmøta vil det bli lagt vekt på behovet for kommunal planlegging i gjennomføring av reforma, og kommunane får støtte og rådgjeving til korleis reforma kan integrerast i dei kommunale planprosessane.
Alle kommunane i Vestland har fått tilsendt informasjon om dialogmøte, saman med eit kartleggingsskjema som kan vere kommunen sitt eige verktøy i arbeidet. Sjå meir under «Dokument». Vi ber i brevet om tilbakemelding om dialogmøte innan 1. desember.
Vedteken plan eller skissert prosess
I statsbudsjettet for 2021 (under kap. 761 Omsorgsteneste) vert det lagt til grunn at kommunane anten skal ha ein vedteken plan eller skissert ein prosess for korleis, og når de skal vedta ein plan for gjennomføring av Leve heile livet, for å verte prioritert innafor dei ulike tilskotsordningar. Det blir forventa at kommunane, innan utgangen av 2021, kan vise til politisk vedtekne planar for korleis reforma sine innsatsområde og løysingar skal gjennomførast lokalt.
Dialogmøte kan gjennomførast med ein eller fleire kommunar samstundes, og det kan gjennomførast digitalt eller som fysiske møte. Målgruppe for dialogmøte er leiarar og tilsette i kommunen, politisk leiing og representantar som tek vare på innbyggjar-, brukar- og pårørandeperspektivet. Det regionale støtteapparatet ,ved KS og Utviklingssenter for heimeteneste og sjukeheim, vil kunne bidra og vere til stades på dialogmøta, alt etter kva tema som vert tatt opp.