Regionale kunnskapsmiljø har gått saman om ny nettstad
Kunnskapssentera, som arbeider med barn og unges psykiske helse og barnevern, styrker samarbeidet og samlar fagleg støtte til dei som møter barn, unge og familiar i sitt arbeid på kunnskapombarn.no.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
På nettsida kunnskapombarn.no vil du finne forsking, undervisingstilbod og faglege artiklar som kan støtte deg som møter barn, unge og familiar i ditt arbeid. Sida har også informasjon om tiltak og måleinstrument og kunnskapsressursar som Tiltakshåndboka, Ungsinn, PsykTestBarn og IN SUM. Dette er aktuelt for tilsette i barnevern, skule, barnehage, helsetenester og andre som jobbar med barn og unges psykiske helse og barnevern.
Det er dei regionale kunnskapssentera RKBU Nord, RKBU Mid-Norge, RKBU Vest og RBUP Øst og Sør som står bak nettstaden. Sentera skal støtte tenestene gjennom forsking, fagutvikling og undervisning, og får tilskot med Helsedirektoratet og Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet.
Dei jobbar separat i dei ulike regionane, men også samla med ulike nasjonale satsingar. Dei regionale nettsidene vil framleis finnast, og innehalde informasjon tilpassa regionane.
Kunnskapombarn.no blei lansert 10. oktober, på Verdsdagen for psykisk helse.
Kontaktpersonar
-
Bente Cecilie Foss
Tlf: 55 57 22 33 -
Anne Hjermann
Tlf: 55 57 22 75 / 97 00 95 88