Legar i spesialisering (LIS1) får endring i læringsmål
Endringane i dei kliniske læringsmåla for legar i spesialisering trer i kraft 1. mars 2020.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 23.01.2020
Ifølgje Helsedirektoratet er ikkje endringane av dramatisk karakter, og heilskapen i læringsmåla er bevart. Det er likevel viktig å merke seg at endringane kan få innverknad på læringsaktivitetane til LIS1. Legar i spesialisering og personell som har ansvar for deira opplæring og rettleiing bør gjere seg kjent med endringane.
Kompetanseportalen og utdanningsløpet for dei som skal følgje dei reviderte læringsmåla, vil bli justert. Etter revisjonen er det framleis 101 læringsmål for del 1 av spesialistutdanninga. Dei felles kompetansemåla er ikkje endra.
Kontaktpersonar
-
Linda Svori
Tlf: 57 64 31 61 / 93 28 64 42