Vaksine- og smitteverndagane 2023
Folkehelseinstituttet inviterer til digitale vaksine- og smitteverndagar 1. og 8. november.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 09.10.2023
Vaksinedagen går føre seg 1. november mellom 09.00 og 12.00, og smitteverndagen går føre seg 8. november frå 09.00-12.00. Du må melde deg på kvart enkelt arrangement, via nettsidene til Folkehelseinstituttet (FHI). Der blir det også lagt ut program.
Vaksinedagen er nyttig for helsesjukepleiarar, helsestasjonslegar, barnelegar, allmennlegar, smittevernlegar og anna helsepersonell som jobbar med smittevern og vaksine.
På smitteverndagen vil FHI presentere temaa innanfor smittevern som det blir jobba mest med akkurat no, og legge til rette for diskusjonar.