Nettverkssamling for økonomisk rådgjeving
- Dato:
- 26. april 2022 09:00 - 15:30
- Stad:
- Scandic Ørnen, Bergen
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Nav-tilsette som har økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving som si hovudoppgåve
- Påmeldingsfrist:
- 19. april 2022 23:59
Nettverkssamlingane er ein fagleg møtestad og eit diskusjonsforum for Nav-tilsette som har økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving som si hovudoppgåve. Tema på denne samlinga er korleis rådgjevarane kan ta i vare barneperspektivet i arbeidet.
Vi vil belyse tema for dagen frå ulike innfallsvinklar, og det vert innlegg både ved Arbeids- og velferdsdirektoratet, Statsforvaltaren i Vestland og økonomiske rådgjevarar.
Vi legg til rette for diskusjonar og erfaringsdeling gjennom heile dagen.
Programmet finn du under "Dokument" i høgremargen.
Praktisk informasjon og påmelding
Samlinga er gratis. Statsforvaltaren bestiller og dekker overnattingsutgifter frå 25. – 26. april for deltakarar som har lang reiseveg; 3 timar eller meir. Meld frå om du treng overnatting i påmeldingsskjemaet. Samlinga og overnatting går føre seg på Hotel Scandic Ørnen i Bergen sentrum.
Påmeldinga er bindande. Avmeldingsfristen er den same som påmeldingsfristen. Dersom du ikkje har moglegheit til å delta sjølv om du har meldt deg på, og dermed heller ikkje har behov for overnatting, ber vi om at du gir beskjed til Elisabeth Lund-Iversen innan fristen. Kontaktinformasjon finn du under fana "Kontaktpersonar".
Vi dekker ikkje reiseutgifter.
Dersom det blir fleire påmelde enn tal plassar vil vi prioritere slik at flest mogeleg Nav-kontor får delta.
- Dato:
- 26. april 2022 09:00 - 15:30
- Stad:
- Scandic Ørnen, Bergen
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Nav-tilsette som har økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving som si hovudoppgåve
- Påmeldingsfrist:
- 19. april 2022 23:59