Meldeskjema for skipsverft og andre anlegg for mekanisk overflatebehandling av metallkonstruksjonar
Skipsverft og andre verksemder som driv mekanisk overflatebehandling, vedlikehald og reparasjon av metallkonstruksjonar skal i god tid før oppstart eller endring sende melding til Statsforvaltaren. Meldinga skal sendast på standard skjema.
Forureining frå skipsverft og andre verksemder som driv mekanisk overflatebehandling, vedlikehald og reparasjon av metallkonstruksjonar er regulert av forureiningsforskrifta kapittel 29.
Skjemaet gjeld for anlegg som driv med høgtrykksspyling, blåsereinsing, metallisering og sprøytemaling/lakkering.
Meldeplikt for skipsverft og andre anlegg for mekanisk overflatebehandling av metallkonstruksjonar
Verksemder med nye anlegg eller utvidingar/endringar skal i god tid før oppstart/endring sende inn utfylt skjema til Statsforvaltaren. På skjema til høgre på sida skal ein informere om verksemda, planstatus, produksjonsdata, utsleppsavgrensande tiltak, disponering av oppsamla material og farleg avfall, utslepp til luft og støy.
Verksemda kan starte opp, endre eller utvide i samsvar med eigen melding når det er gått 6 veker etter at meldinga er stadfesta motteken av Statsforvaltaren, med mindre vi avgjer noko anna.
Gjeld små og mellomstore verksemder
Skjemaet gjeld for små og mellomstore verksemder som driv med mekanisk overflatebehandling og vedlikehald av metallkonstruksjonar, inkludert skipsverft med faste installasjonar.
Nokre anlegg må ha utsleppsløyve
Anlegg med kapasitet til å bruke over 150 kg/time eller over 200 tonn/år av innsatsstoff basert på organiske løysemiddel kan berre drive etter særskilt utsleppsløyve etter forureiningslova.
Statsforvaltaren kan på bakgrunn av meldinga, eller andre tilhøve på staden, avgjere at også andre verksemder må ha utsleppsløyve etter forureiningslova. Verksemda kan då ikkje starte før eventuelt løyve er gitt.