Tilskot til utviklingsprosjekt i barnevernstenesta
- Søknadsfrist:
- 1. juni 2023 23:59
- Målgruppe:
- Kommunale barnevernstenester
- Ansvarleg:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Kven kan søke:
- Kommunar i Vestland
Kommunane kan no søke om stimuleringsmidlar til utviklingsprosjekt på barnevernsområdet.
Publisert 17.03.2023
Kommunane i læringsnettverket i Vestland kan gå saman om å søke stimuleringsmidlar til å sette i verk utviklingsprosjekt med mål om teneste- og tiltaksutvikling for å gi enda betre barnevernstenester til dei barna og familiane som treng det. Statsforvaltaren behandlar søknadane. Barneverntenestene kan også søke om tverrfaglege prosjekt, saman med andre tenester.
I 2023 kan kommunane i Vestland søke om utviklingsprosjekt med to ulike innrettingar:
- eigeninitierte utviklingsprosjekt
- utviklingsprosjekt på fosterheimsområdet
Frist for å søke tilskot er 1. juni 2023.
De søker tilskot via tilskotsportalen til Statsforvaltaren.
Her kan du lese meir om retningslinjene for stimuleringsmidlar til kommunale læringsnettverk.
- Søknadsfrist:
- 1. juni 2023 23:59
- Målgruppe:
- Kommunale barnevernstenester
- Ansvarleg:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Kven kan søke:
- Kommunar i Vestland