Kulturlandskapsprisen i Møre og Romsdal
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal deler årleg ut ein kulturlandskapspris. Prisen blir gitt til den eller dei som gjer ein særskild innsats for å ta vare på verdiane og utvikle moglegheitene i kulturlandskapet
Hensikta med prisen er å:
- Setje fokus på den viktige rolla landbruket har som forvaltar av kulturlandskapet
- Skape merksemd og auke kunnskapen om verdiane i kulturlandskapet
- Stimulere til å ta vare på kulturlandskapet gjennom gode eksempel
Prisen blir fortrinnsvis gitt til aktive gardbrukarar, men kan også gis til grunneigarlag, beitelag, bygdelag eller andre typar tiltak.
Prisen skal vere ei påskjøning for dei som gjer ein særskild innsats for å ta vare på verdiane og utvikle moglegheitene i kulturlandskapet, med fokus på biologisk mangfald, bygningsvern, formidling, tilrettelegging og tradisjonar knytt til kulturlandskapet. Kandidatane til kulturlandskapsprisen vil bli vurdert etter desse kriteria:
- At det skal vere gjort ein særskild innsats for kulturlandskapet gjennom skjøtsel og drift
- At drifta brukar kulturlandskapet som ressurs for verksemd/produksjon, utvikling eller ny næring på garden
- At drifta tek omsyn til landskap, kulturminne, kulturmiljø og biologisk mangfald
- At drifta har produksjon som tek omsyn til miljøet på bruket og i nærområdet
- At folk har tilgang til å oppleve kvalitetar i kulturlandskapet gjennom friluftsliv og rekreasjon
- At drifta medverkar til positivt fokus på dei verdiane som landbruket representerer
Alle kriteria treng ikkje å vere oppfylte på ein gong, men prisvinnaren må utmerke seg på ein eller fleire av kriteria og vere ein god ambassadør for landbruket. Les om tidlegare vinnarar her
Om prisen
Prisen har vorte delt ut sidan 2001, med unntak av 2018. Vinnaren får eit kunstverk av biletkunstnar Lars Christian Istad, ein gåvesum på kr. 10 000 ,ein diplom og ein plakett. Prisen vert delt ut på eit arrangement heime hjå prisvinnar.
Korleis fremme forslag på kandidatar?
Alle kan fremme forslag på kandidatar. Frist til å komme med forslag på kandidatar for 2023 er 15.mai. Forslaget kan fremjast ved å fylle ut eit elektronisk forslagsskjema, som vil legges ut på denne sida i god tid før forslagsfristen. Eller så kan du ta kontakt per e-post eller telefon.
Velfortent heider til Storfjordens Venner
Storfjordens Venner nådde eit høgdepunkt, då dei i år vart tildelt Europa Nostra-prisen / EUs kulturminnepris under eitt høgtideleg arrangement i Madrid 24. mai 2016. Foreininga fekk prisen i klassa «Dedicated services» - «Spesielle tenester» - (rekna som den gjævaste!). Organisasjonen har motteke både den nasjonale og lokale kulturlandskapsprisen, samt fleire andre prisar opp gjennom åra.
Publisert 01.06.2016
Høgaste kulturminnepris i Europa tildelt Storfjordens venner
I starten av april 2016 kom meldinga om at Storfjordens venner hadde fått tildelt den gjevaste kulturminneprisen i Europa. I slutten av mai var det prisutdeling.
Publisert 07.04.2016
Europeisk kulturminnepris til Storfjordens Venner
Storfjordens Venner er tildelt EU sin kulturminnepris/EU Nostra Pris 2016. Dette er den mest prestisjetunge prisen innan kulturminnearbeid i Europa. Foreninga får prisen i kategorien "Spesiell innsats".
Publisert 04.09.2015
Kulturlandskapsprisen 2015 til Iris og Arnfinn Westerås, Geiranger
I dei bratte liene ovafor sentrum av Geiranger vert det lagt ned eit pietetsfullt og nitidig arbeid med stell av kulturlandskapet. Kunnskap om kulturlandskapet vert også formidla vidt ut over. For alt dette får Iris og Arnfinn Westerås kulturlandskapsprisen for 2015.
Publisert 05.09.2014
Kulturlandskapsprisen 2014 til unge bønder i Sunndal
Kulturlandskapsprisen 2014 gjekk til Anne Grete Aklestad Røymo og Roy Andersen på Røymo øvst i Sunndalen. Anne Grete overtok garden i 2003, Ho driv den saman med ektemannen Roy og barna Eirin og Ingvild. Garden ligg om lag 700 m over havet på Røymo øvst og innerst i Sunndalen, ved inngangen til Grøvudalen.