Bruk av tre
Statsforvaltaren skal bidra til auka bruk av tre som bygningsmaterial. Oppdraget har vi fått frå Landbruks- og matdepartementet.
Tre er fornybart, miljøvennleg og framtidsretta. Som byggematerial er tre allsidig og raskt å bygge med. Dessutan er trematerial konkurransedyktige både økonomisk, miljømessig og i mange tilfelle også teknisk.
Prosjektet Tredrivaren i Møre og Romsdal skal bidra til å auke bruken og kompetansen om tre som bygningsmateriale. Tredrivaren skal også bidra til auka verdiskaping hos trebasert industri.
Prosjektet er oppretta av Statsforvaltaren i Møre og Romsdal i eit samarbeid med Innovasjon Norge, Fylkeskommunen i Møre og Romsdal, Arkitektforeininga, Skognæringsforum og Trefokus.
Stort potensiale for tre som bygningsmateriell
Tre har lange tradisjonar som byggemateriale og har dei seinare åra også blitt meir aktuelt til konstruksjonar i større og meir komplekse bygg.