Skogsdrift
Statsforvaltaren gir fagleg støtte og rettleiing til kommunane som har ansvaret for tilskotsordningane til skogsdrift. Statsforvaltaren er og klageinstans for vedtak fatta av kommunane.
I Møre og Romsdal er 2,84 mill. daa produktiv skog. Om lag 20 prosent av skogen er gran og meir enn halvparten står i terreng definert som bratt. Over 90 prosent av hogsten her i fylket er gran, som siste 5 år har vært på 250 - 300 000 m3 årleg.
Møre og Romsdal er av fylka i landet med høgast bruk av tilskot til drift av tømmer i bratt terreng, hovudsakleg utfordringar knytt til fordyrande maskinell hogst i bratt terreng, med hogstmaskin eller taubane.
Søk tilskot hos kommunen
Statsforvaltaren fordeler årleg ei tilskotsramme til kvar kommune, og kommunane sett retningsliner for tilskot tilpassa kommunens eigen topografi der skogen står, og nytta driftssystem.
For å søkje tilskot til drift av tømmer, skal skogeigar kontakte kommunens skogbrukssjef, for retningsliner i eigen kommune samt tilskotssatsar og tilgjengelege midlar. Kommunane gjer ein utsjekk av arealet for moglege miljøverdiar eller andre omsyn og kan løyve eller avslå søknad om tilskot.
Nytt og spennande utstyr for bratt terreng
Nytt utstyr for skogsdrift i bratt terreng kan bidra til å minimalisere terrengskader.
Publisert 01.03.2018
Klimaendring og gransnutebiller tema på skogsamling
Gransnutebillene et opp nyplantingane, men korleis kan vi hindre det? Klimaendringane vil også påvirke skogbruket, men korleis – og er det positivt eller negativt?
Publisert 10.01.2017
Ny topp i avverkinga i Møre og Romsdal i 2016
Det blir stadig teke ut meir tømmer enn før frå skogane i Møre og Romsdal. 2016 vart eit nytt rekordår, men det meste av fordlinga skjer andre stader.